Den lange reisa

Stem her!

Titanic la frå kai i Southampton 10. april 1912 hadde Osmund Hauge  (bestefar min) vore ombord i dampskipet Hellig Olav i fem dagar allereie. Ellis Island var den gongen hovedporten for straumen av immigrantar til Amerika (mot slutten av det 19. og tidleg i det 20. århundre). Reisande på 1. og 2. klasse vart klarert allereie på skipet over, og gjekk direkte til Manhattan. Reisande frå 3. klasse vart sendt til Ellis Island.

Under noen linjer frå samlinga mi “Predikanten” (Tiden Norsk Forlag, 2011) – og ikkje minst; Sean og Dolores Keane der dei syng Isle of Hope, Isle of Tears:

mannen bestemor mi levde saman med gjennom alle desse åra hadde vore i amerika
han kunne seie nøyaktig kva melodi orkesteret på titanic spelte det og det tidspunktet

i eit nesten gjennomsiktig vårmørker i indre agder hugse alle songane der ute i
atlanterhavet den natta for lenge sidan då han sjølv låg og sov i dampskipet hellig olav