Brett deg ein diktspå!

8 bokstavar (eller: No kan du printe ut og brette deg din eigen diktspå!)

Eg veit ikkje.. men kanskje det var verdas første diktspå! Prinsesse Märtha Louise fekk æren av å opne spåen under Bjørnsonfestivalen nokre år tilbake. Idéen til diktspåen fekk eg då eg førebudde eit skrivekurs vi hadde for barn under den same festivalen. Det eg sjølvsagt også hadde med meg i skrivekurset var ein bunke blanke spå. Og kva var vel då meir naturleg enn at prinsessa fekk vere den første til å brette og skrive seg ein av desse!

No er det din tur! Ja til dikt i barnehage, skule, heime og ute! Dobbelklikk i spåen under og du får i fullversjon ein diktspå du fritt kan laste ned og printe ut frå eigen PC!