Litteraturfestival i Tvedestrand

Å møte programleiar Stein Ørnhøi til samtale på Lyngør i ettermiddag var ei stor oppleving for meg (og eg trur også for publikum i ei fullsatt Pers Brygge). Han hadde gjort ei grundig lesing av den siste boka mi (og også Ann Kavli si). Og fiskesuppa som vart servert kjem det til å gå gjetord om lenge! (foto frå litteraturfestivalen «Bokstavelig talt«: Marianne Drivdal, Tvedestrandsposten)