Dei beste karaokesongane

(Øystein Hauge – til DAG OG TID-spalta «3 favorittar» fredag 17. september):

City of New Orleans – i denne songen set du deg på toget i Chicago og ender opp i New Orleans. Låten er som skapt for karaoke, med alt du kan tenkje deg av koring og andrestemmer langt der bak deg i toget ein stad. Ordet karaoke vart brukt i Japan allereie på 1900-talet og er namnet dei hadde på eit omreisande orkester. Songen vart ein hit for Arlo Guthrie i 1972, men her heime er vi nok mest vane med å høyre Willie Nelson synge seg ”through the Missisippi darkness down to the sea”.

Waltzing Mathilda – eller Tom Traubert´s Blues som låten heiter i Tom Waits såre eventyrblanding av ein song og som dermed ikkje lenger er Waltzing Mathilda (med unntak av deler av refrenget) men derimot ein song om alkoholisme, avhengighet og sjølvdestruksjon. Songen skreiv Tom Waits i København etter eit møte med noen halvfulle kabaretsongarar i den danske hovudstaden. Mora til Tom Waits er forresten av norsk avstamming, og det skulle ikkje forundre meg om TW då blir ein fullverdig norgesven på lik linje med Smokie og Willy Brandt.

Maria – og det er verken Adolf Hitlers favoritthund eller den kjende teikneseriefiguren som er opphavet til dette eventyret av ein song, men snarare punk/new wave-bandet Blondie som kjem frå New York og som har divaen og vokalisten Deborah Harry i front. Det begynner med ”She moves like she don’t care” der du som karaokesongar nesten ikkje kan komme lågt nok – til du må klatre adskilling før du er klar til å hive deg ut i “Maria – You’ve gotta see her

Men aller best liker eg å synge køntri:
(Øystein Hauge: City of New Orleans):