Pensum

Når Gyldendal Norsk Forlag no sender ut ei ny lærebok i norsk for den vidaregåande skulen er fire av dikta i boka signert underteikna (noe eg sjølvsagt er både glad og stolt over).

Men då vil eg også seie til alle seksten-syttenåringar som ikkje akkurat tar ein high five når dei vert sette til å analysere mine og andres dikt (og kanskje ikkje heilt finn ut av ting): Karen Blixen hadde sjølsagt heilt rett då ho sa at meininga i poesi må vere av underordna betydning.

Sitér henne på det.

Samtidig kjem CappelenDamm med si nye lærebok i norsk der eg er tilstades med mi reviderte og uillustrerte Ny norsk ordliste