Innsjøar

(Vekeavisa Dag og Tid, fredag 28. februar)

T R E   F A V O R I T T A R

BYGDIN
Om vi starter ved Eidsbugarden, i vestenden av lange og smale Bygdin, må vi jo sjå innom den første hytta som vart bygd her; av Aasmund Olavsson Vinje så tidleg som i 1868. Likare stad i Jotunheimen å deklamere «Ved Rondane» finn du ikkje. Skuta «Bitihorn» frå 1912 tar deg med over heile den vakre innsjøen (som rundt rekna befinn seg tusen meter over dei sju hava).

ENARESJØEN
Eit russisk vannkraftverk er det som til eikvar tid bestemmer høgda over havet på finske Enare. Ein gong køyrde eg meg snøscootervill i desse traktene og møtte på ein fåmælt finlandssvenske på veg sørover i taigaen. Etter å ha tatt fram kartet og gulpa fram kontaktlinsene han oppbevarte (fuktige og fine) i kjeften sin der ute i audemarka vart han meir snakkesalig og ga meg ein lengre leksjon om Lappland, Kekkonen og om den store russiskregulerte innsjøen (normalt islagt frå november til juni).

VEGÅR
Innsjøen Vegår i Aust-Agder har 365 holmar og øyer. Til samanlikning har den brasilianske byen Salvador 365 kyrkjer og kapell. Byen Salvador slår den sørlandske bygda (med den gilde innsjøen) når det kjem til hus der du kan skrifte og synge salmer. Men har ikkje ein einaste holme eller øy der du kan sove, elske og ro flatbygde pråmar. Segnet fortel om ein fredlaus som ikkje var fri før han hadde overnatta éi natt på kvar av holmane i innsjøen med alle trytene.

Øystein Hauge

innsjøar