Livet i oppvaskkummen – gjendikta

Du visste det kanskje ikkje. Om livet i oppvaskkummen. Lydane der. Ikkje eg heller. Ikkje før eg trong ein stad eg kunne teste ut den nyinnkjøpte undervannsmikrofonen min (kjøpt inn til eit seinare lydpoesiprosjekt).

Dette skjer i oppvaskkummen: kummen vert fylt med vatn, undervannsmikrofonen over den rustfrie stålbotnen, sette i gang opptaket, eg som vekselvis rytmisk/urytmisk banker med fingrane mot stålbotnen, proppen i oppvaskkummen (som vekselvis vert opna og lukka), eg med hovudet delvis under i vatnet og slik lager lydar/nynner mot undervannsmikrofonen, eg som skraper med fingrane mot stålveggen i oppvaskkummen/knipser med fingrane i vatnet/lager bobler i overflata, vatn som renn frå vasskrana, ei skei og ein kniv som møtas der under i vatnet.

(utstyr: undervannsmikrofon/hydrophone, Tascam DR60d-opptakar, redigert og konvertert GarageBand. Best resultat om du bruker hodetelefonar).