God tur til Murmansk

Dei snakker på radioen om politisk overvaking. Det er noen der som stiller noen spørsmål om det dei kaller «kulturen som råder innenfor de hemmelige tjenester her i landet». Som snakker om nødvendigheten av «å få avdekka usikre kommunikasjonslinjer innenfor feltet».

Det er noe gjenkjennande her. Som om eg har høyrt dette før.

I utgangspunktet trudde eg Politiets Overvakingsteneste (no PST) si interesse for min person var tilnærma null. Så hadde eg heller ikkje tenkt å søke Innsynsutvalget om tilgang til det vi no best kjenner omtalt som «mappa». Før nysgjerrigheten tok overhand og eg likevel søkte. Halvannan år seinare kunne eg hente den rekommanderte sendinga på postkontoret som i klare ordelag fortel om myndighetenes ulovlege overvaking av min person – eller slik Innsynsutvalget sjølve formulerer det i brevet sendt meg: ”at innhentingen, registreringen eller bruken av opplysningene om din person (som i brevet i detalj vert presentert) manglet hjemmel i gjeldende lovbestemmelser».

Franz Kafka har gitt oss uttrykket på noe som er ugjennomtrengelig og absurd. Og eg må vel innrømme at eg kanskje kjende meg litt Kafka i hodet dei første dagane etter at eg henta ut postsendinga og bladde meg gjennom dokumentbunka. For så i neste omgang å stille meg dette enkle spørsmålet;  kva i all verda kunne ha utløyst interessa for min person hos overvakingspolitiet?

At eg mot slutten av syttitallet var sentralt tilsett i en politisk ungdomsorganisasjon og i ny og ne var med i ein og annan demonstrasjon? At eg gjennom et halvår gjekk på russisk-kurs og bare såvidt rakk å lære meg det kyrilliske alfabetet? Dei politiske møta vi arrangerte på høgskulen eg arbeidde i dagane før demonstrasjonane mot utbygginga av Stilla-vassdraget? Eller at eg gjennom mitt arbeide som skrivande menneske og poet seinare hadde sporadisk kontakt også med østeuropeiske forfattarkolleger?

Spørsmål eg nok aldri får noen svar på. Like lite som eg får vite kven som på eitt eller annet tidspunkt meinte eg burde haldast eit spesielt auge med.

Det skjedde eit tidsskille i den politiske overvakinga 25. november 1977. Då vart det bestemt «at det ikke kunne innhentes og registreres opplysninger alene på grunnlag av medlemskap i politisk organisasjon eller virksomhet», som det heiter i Innsynsutvalets følgebrev.

Meldinga frå politikammeret i Kirkenes til Overvakingspolitiet i Oslo (den 28. august 1992) om at underteikna «…den 28. august 1992 passerer Storskog grensestasjon på vei over til Murmansk» skulle selvsagt aldri vært sendt. Like lite som alle dei detaljerte personopplysninger om mine foreldre og mine søsken skulle ha vore registrert. Eller den detaljert informasjonen om mine bevegelsar som reiseleiar for militærnektarane gjennom desse åra.

Men denne enkle overvakingshistoria har sjølvsagt to sider. Den eine at eg naturlegvis kan føle at privatlivet mitt på eit vis er blitt invadert. At eg opplever det som både ubehaglig og unødvendig å vite at eg er blitt holdt auge med på dette viset.

Den andre at det likevel ikkje må vere slik at vi – i det øyeblikket vi sjølve er dei som vert overvaka, ukritisk fordømmer myndighetenes behov for å følge med på kva som skjer i eit samfunn. At vi ikkje må tape av syne det faktiske behovet samfunnet har for ei overvakingstjeneste.

Vanskeleg er det i alle fall å bli moralsk forarga over at eit parti (AKP) som hadde som mål væpna revolusjon, vart overvåka. At partiet i og med overvåkinga rett og slett vart tatt på alvor. At det nærmest ville vært ei fornærming mot dette partiet ikkje å overvake dei.

Eg kan uansett ikke skryte på meg (unnskyld formuleringa) å ha lidd noko slags overlast knytta til registreringer gjort på min person. Og kravet om erstatning for lidd overlast vart aldri sendt. I oversendelsesbrevet lå det ved detaljert informasjon om korleis gå fram for å søke slik billighetserstatning – der dei også foreslo ulike satsar (ikkje ubetydige beløp). Som tilsett i etatar under Justisdepartementet gjennom heile mitt yrkesaktive liv, kunne eg ikkje akkurat påberope meg å vere offer for noko yrkesforbud, og kravet om billighetserstatning var no i alle fall aldri sendt.

Kanskje avslutningsvis heller sitere frå artikkelen Jon Michelet lot trykke i Klassekampen 28. desember 2002, der det mellom anna heiter:  ”Den som får utlevert mappa si, slik jeg har fått, må passe seg for å få anfall av paranoia og akutt, mimrende sjølopptatthet. Det kan være sunt å ta en kikk på andres skjebner før en går videre med å bearbeide sitt eget materiale”. Her er det nok å minne om navn som Peder Martin Lysestøl, Knut Løfsnes, Johan Galtung og Ole Kopreitan (sistnevnte ein eg forøvrig etterkvart kunne kalle ein god ven og som i seg sjølv kanskje kunne vere noe av årsaken til overvakinga). Aktivistane over har sjølsagt noen heilt andre og langt meir audmjukande og alvorlege historier å fortelje enn det vi andre måtte vere truande til å bringe til torgs.

Så har du dagens trusselbilete. Med heilt andre bakteppe og historier sjølvsagt. Men konklusjonen min var den same på starten av nittitalen som det den er i dag: Vi treng ei overvakingsteneste som uhilda går inn i reelle truslar mot min og din tryggleik. Om trusselen kjem frå ekstrimistar på høgre- eller venstresida, frå radikal islam eller frå kristenfundamentalistar, for den saks skuld.

(nevnte episode datert 28. august 1992 er av Overvakingspolitiet definert som ”ugradert og kan behandles uten restriksjoner»).

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s