Fleire utkast til templates

Frå gapahuken høyre elskaren sin langt der ute synge The water is wide slik ho aldri har høyrt songen sunge før. Høyre lydane frå ei padleåre i den mest gjennomsiktige timen av dei alle og så den stille songen om det vide vatnet.

Give me a boat that can carry two høyrer ho frå gapahuken elskaren sin synge. Dei sa han ikkje hadde øyre for musikk. Dei sa han aldri nokon gong ville komme til å synge ein einaste rein tone.

No høyrer ho elskaren synge om det vide vatnet som alltid har vore der. Som i tusenvis av år har gitt frå seg dei djupaste orgeltonane du knapt nok kan tenkje deg.